President Jill Garen har ordet

Hei alle gode skivener der ute!

Snøen har byrja å dekke Vossafjellene, og det er ikkje lenge igjen før me aller er i full sving ute i dei ulike anleggene rundtomkring i Norge. Alle med same hensikt, skape skiglede og mestring og gi gode opplevingar. Jobben vår er å gjere andre gode, og få andre til å mestre. Kva gjer du for å bli god, og kva gjer du for å mestre? Me har alle ulike strategiar for å vere betre versjonar av oss sjølve frå i går til i dag og det fine er at me har alle noko å lære frå kvarandre. Ofte har eg stått og filosofert etter ein skidag og tenkt at møtet med akkurat den gjesten eller den gruppa har tilført meg ny kunnskap. Kunnskap om andre, kunnskap om meg sjølv og kunnskap eg kan bruke til noko seinare. Det er ikkje alltid at ny kunnskap kjenns god ut, når sant skal seiast. Ofte har eg møtt meg sjølv i døra, eller stått i situasjonar som har vore krevande. Som sosialpedagog sluttar det ikkje å forundre meg kor mykje eg har lært av å vere ute og stå på ski med andre menneske som eg har kunna benytte i arbeid innan både barnevern, rus og psykiatri og med menneske som har vore utsett for menneskehandel eller vald i nære relasjonar. Det gir ein motvekt til det sutalause vinterlivet der dagane handlar stort sett om kor mykje snø er det kome, og kven skal eg ut å stå på ski med i dag.

 

I løpet av dei siste årene har eg hatt gleden av å bli tilført mykje ny kunnskap av ein person som me alle kan takke mykje for at Den Norske Skiskole er den ryddige organisasjonen som den er. Då Gunnar Winther kom inn i styret rundt 2008 syntes eg at han var litt skummel, og eg syns også at han var ein smule pirkete. Eg sat då som sekretær i DNS, og Gunnar var visepresident og deretter president i organisasjonen. Når eg no sit som president og les gjennom ulike referat så pirkar eg på både nummer og formuleringar, og tenkjer at det har eg iallefall lært. Gunnar har vist seg som ein raus og inkluderande person, men som også seier klart og tydeleg i frå når det er noko han er uenig i eller ikkje likar. Dette er ein kombinasjon av personlege eigenskapar eg ser opp til, og som eg tenkjer gjer Gunnar til den han er. Me har hatt mange ulike rundar med utfordringar av ulike slag, Gunnar og eg har stilt opp på møter der me ikkje har fått lov å kome inn, me har stått fjellstøtt saman i mange ulike hendelsar og utfordringar og eg har lært mykje av denne kloke, rause, pirkete og varme mannen som eg skal ta med meg vidare i livet.

 

Personleg vil eg derfor takke Gunnar for eit godt samarbeid i ti år, og takk for alt som eg har lært. På vegne av Den Norske Skiskole sitt styre takkar me for alt du har bidrege med, for alt du har lært oss alle, for alle opprydningar du har teke på din veg, for alle telefonar, epostar og møter du har teke initiativ til og stilt opp på og for alt du har gjort.

 

Stafettpinnen er no gitt over til Sissel Rødaas Astrup, som heilt sikkert kjenner på at det er store sko å fylle – men som kjem til å fylle denne rollen på sin måte. Det er ein måte eg er sikker på vil gagne oss alle som organisasjon, og eg håpar at alle er med for å gi henne den støtten og tilliten som ho fortener.

  • Publisert
Den Norske Skiskole
Dalsveien 45A
0775 Oslo
post@snowsports.no
www.snowsports.no