Kva rolle har skiinstruktøren eller skilæraren?

Snøen begynner så smått å leggje seg i fjellene rundt oss, og me gjer oss klare for ein ny vintersesong.

Her på Vestlandet var det smått med snø i fjor vinter, og me krysser fingrane for at komande vinter skal vere litt meir slik som me ser for oss at den skal vere. Meter på meter med glitrande pudderføre, slik at ein står på ski med snø opp til under armane – eller alpinanleggene med riller etter trakkemaskinene tidleg på morgonen som tryglar om å bli laga spor i. Det snøar på nettene, og er sol, kaldt og fint kvar dag.

Når eg tenkjer tilbake på alle vintrane mine i bakken er det merkeleg nok slik eg hugsar dei. Trur kanskje det vert kalla for selektiv hukommelse, men det lever eg fint med og eg gleder meg til ny vinter.

 

I eit alpinanlegg har me alle ulike funksjonar, og det kan vere interessant å gjere seg nokre tankar rundt akkurat det.

 

Kva rolle har skiinstruktøren eller skilæraren?

Amerikanske undersøkelsar viser at dersom gjesten har skiundervisning er det 50% større sjanse for at gjestane kjem attende til destinasjonen. Det viser at den jobben me gjer i bakken er viktig for heile skianlegget, destinasjonen, reiselivet.

Me veit at det finnes mange der ute som gjer ein fantastisk jobb, som elskar å få folk gode, og som lever og åndar for at andre skal mestre. Når gjestene våre treff dette er det klart dei ynskjer å kome tilbake. Ein opplever at instruktørar og skilærarar vert etterspurde i anleggene, og ein veit at dette vert gjort eine og åleine fordi at det finnes gode instruktørar og skilærarar der ute.

 

Mange kjenner ikkje til skilnaden på skiinstruktørar og skilærarar, og nokon vegrar seg kanskje for å melde seg på trinn 3 og trinn 4 kurs. Det dei fleste opplever er auka forståing, auka skiglede og mange verktøy for å bli ein betre skikøyrar sjølv saman med andre hyggelige menneske i alle aldrar. Alderspennet er frå 20-70 år, og livslange venskap vert oppretta på kryss og tvers av alder, kor ein bur og kva ein heiter. Å ville gjere andre gode vil alltid vere lettare og meir oppnåeleg med riktig verktøy. Å jobbe med eigne skiferdigheter gir deg mange gode verktøy. Om ein har jobba ein heil vinter med ei skulder som ein droppar i kvar høgresving, eller om ein har jobba ein heil vinter med å dytte fram ytterskia – ja så vert ein god på akkurat det. Om ein jobbar godt med andre på kurs som har andre utfordringar så kan ein øve seg på å undervise på høgt nivå gjennom ein heil vinter. Bruk video, send til kvarandre, diskuter læringsmetodar, skiteknikk, linjeval, skredlære og tema for oppgåve med andre som står i det same.

Eg lovar – at ein sik vinter er ein investering i gode opplevingar på ski.

 

Ingen forventar at du skal vere på trinn 3 eller trinn 4 nivå i det du kjem på kurs, men saman skal ein løfte nivået opp og det du risikerer er jo at du lærer noko. Ganske mykje skiteknikk, ganske mykje skiundervisning, ganske mykje om andre og aller mest om deg sjølv.

 

Velkomen til DNS sine trinn 3 og 4 kurs vinteren 2019/20.

  • Publisert
Den Norske Skiskole
Drammensveien 975
N-1385 Asker
post@snowsports.no
www.snowsports.no