President i DNS Jill Garen

Ein ny vinter står for døra, og verda ser annleis ut enn den gjorde forrige vinter. Alle er me spente på kva den vil bringe, og alle er me spente på korleis det vil verte.

 Korleis skal me gjennomføre undervisning, korleis gjennomføre kurs og vil det vere restriksjonar i norske skianlegg. Mest truleg vil det vere det, men snøen ligg der like kvit og fin og aldri har vel så mange gått på topptur som frå 13. mars 2020 til den siste snøen måtte gi tapt for sommar og sol.
Korleis ligg det an med skredkunnskapen? Om du vel å ta et trinn 3 kurs vil du få oppdateringar på kva du bør tenkje på når du bevegar deg i terreng utanfor løypene. Du vil ha meir fokus på skredfarleg terreng, skiteknikk samt korleis kan ein eigentleg finne den gode snøen? Du vil også få ein betre teknikk i bakken som gjer at du leikande lett kan kose deg nedover enten det er silkepudder eller godt vestlandsk gjennomslagsføre. Kunnskap er noko som ein aldri kan få for mykje av, og om du vel å gå vidare på trinn 4 inkludert skredmodul vil du vere godt rusta med tanke på skred og sikkerhet, samt at du vil utvikle eigen teknikk.
Den Norske Skiskole
Drammensveien 975
N-1385 Asker
post@snowsports.no
www.snowsports.no