Sesongen 19/20 starta med seminar på Beitostølen

der me vart tekne godt i mot av Tor Håvard & Co. Steminingen var god, skiforholdene var fine og me var i godt selskap. Så fornøgde var me at me bestemte at me ynskjer å reise tilbake til Beitostølen også neste sesong for DNS sitt årlege seminar. Men lite visste me då...

at vintersesongen 19/20 skulle få ein brå stopp og at ingenting ville verte slik som nokon av oss hadde trudd. 

Under trinn 3 modul 2 fylgde me med på nyheiter kvar einaste dag for å vere sikre på at me gjorde riktige val i forhold til kurset og deltakarane som var tilstades. Det vart vurdert fortløpande at me avslutta innandørs teoriundervisning, og at me hadde all undervisning ute. Men til slutt valde me å avbryte kurset, og fortløpande vart heisar stengd fleire stader i landet og det viste seg å vere riktig avgjersle å ta.
Kursdeltakarane var naturlegvis skuffa over dette, og i desse dagar skulle eksamen ha foregått. Myrkdalen kan by på nydelege snøforhold, og solrike dagar denne april veka, men dessverre utan spente eksamenskandidatar og forventningsfulle og glade sensorar.


Me håpar at det har gått bra med alle saman der ute gjennom denne krisa me står i no, og me veit at heilt sikkert kjem det fleire vintrar. Eksamenskandidatane får ein ekstra sesong å trene på, og nye deltakarar kjem til neste vinter. Me gleder oss til å treffe alle enten på seminar eller kurs, og me håpar at situasjonen er slik at me kan gå inn i neste vinter på same måte som me pleier.

 

Alt godt til alle der ute, ta godt vare på kvarandre!

Skihilsen fra Jill

Den Norske Skiskole
Drammensveien 975
N-1385 Asker
post@snowsports.no
www.snowsports.no